Gravitasjonslinse

Ei gravitasjonslinse er eit objekt, som ein galaksehop, mellom ei fjerntliggande kjelde (ein galakse i bakgrunnen) og ein observatør, som bøyer lyset frå kjelda gjennom ein linse-effekt når lyset kjem mot observatøren. Effekten vart føresett av den generelle relativitetsteorien til Albert Einstein, og vart først observert i 1979. Romtida kring eit massivt objekt (som ein galaksehop eller eit svart hòl) er bøygd, og som følgje av dette vil òg lysstråler frå ei kjelde lenger bak bli bøygd gjennom romtida.


Developed by StudentB